Haukelivegen AS har fått i oppdrag å synleggjere kva dei planlagte utbyggingane av E134 vil ha å seie for regularitet og innsparingar for næringslivet. Det er klart etter eit møte mellom ordførarar og brukarar av E134 over Haukelifjell. Telemark fylkeskommune har signalisert at dei vil støtte eit slikt arbeid økonomisk, og ber Rogaland og Hordaland gje tilsvarande støtte.
↧